Fører til riktigare bruk av antibiotika i sjukehusa – Antibiotika.no

Vi ser at innsikt i eigen føreskriving av antibiotika fører til riktigare bruk, seier Jannicke Slettli Wathne. Saman med legar og andre farmasøytar i Vest har ho forska på korleis antibiotika blir føreskrive i sjukehus. I haust blei den første av tre artiklar frå studia publisert.

Artikkelen er utarbeidet av Sjukehusapoteka Vest HF.

Sida 2014 har Wathne forska på bruk av antibiotika i sjukehus. Målet med forskinga er å medverke til meir optimal bruk av antibiotika. I tillegg støttar denne forskinga det nasjonale arbeidet som blir gjord for å redusere bruken av breispektra antibiotika i sjukehus.
– I perioden 2012 til 2020 skal bruken av breispektra antibiotika ned med 30 prosent i sjukehusa. Men heile helsestellet er nøydt til å hjelpa for at me skal redusera forbruket av antibiotika og bremse utviklinga av antibiotikaresistens, fortel Wathne.

Fleire sjukehusavdelingar med i studien

Studien blei gjennomførd i medisinske avdelingar, innan spesialitetane lungemedisin, infeksjonsmedisin og gastroenterologi på Haukeland universitetssjukehus, Haraldsplass Diakonale Sykehus og Stavanger universitetssjukehus.

I fellesskap skulle legane diskutera og evaluera avdelingane sin praksis ved behandling av infeksjonar. Dette blei evaluert opp mot dagens retningslinjer for antibiotikabruk i ein såkalla intervensjon.

Praksis ved føreskriving under lupa

Alle intervensjonspostane fekk undervisning om antibiotikaresistens, doseringsprinsipp for antibiotika og dei nye retningslinjene. Det blei i tillegg gjennomførde to ulike tiltak på intervensjonspostane. På nokre poster blei det gjennomført såkalla «audit med feedback».
– Nå me gjorde ein «audit med feedback» gjekk me igjennom journalar for å sjå korleis ein hadde behandla pasientar med lungebetennelse og infeksiøs forverring av KOLS. Legane fekk så ei samla tilbakemelding på kva ein har funne, dei diskuterte funna og blei einige om kva dei eventuelt ville endra på, fortel Wathne.

Andreas Thelle (overlege, lungeavdelingen, Haukeland), Dagfinn Lunde Markussen (overlege, mottaksklinikken, Haukeland), Eli Leirdal Hoem (lege i spesialisering, infeksjonsmedisinsk seksjon, Haukeland, Ottar Hope (tidl overlege, Haraldsplass sykehus), Jannicke Slettli Wathne (stipendiat, Nasjonal kompetansetjeneste for antibiotikabruk i spesialisthelsetjenesten og Sjukehusapoteka Vest)

Dei andre intervensjonspostane hadde «academic detailing». Ved desse postane fekk ei samla legegruppe ein gjennomgang av infeksjonspasientar som nyleg hadde vore innlagt ved posten, kva behandling dei fekk, kva ein eventuelt kunne gjort annleis og korleis utfallet blei. Dette blei gjennomført av ein infeksjonslege. Her var òg målet å få til ein diskusjon om eigen praksis ved føreskriving i legegruppa.

Fører til meir korrekt bruk av antibiotika

Resultata frå intervensjonane blei samanlikna med resultat frå avdelingar der det ikkje var gjennomførd intervensjon.
– Generelt viste resultata at behandling i samsvar med retningslinjene auka hos dei gruppene der den var gjennomførd intervensjonen, samanlikna med referansegruppene, fortel Wathne.

Det viste seg òg å vera forskjell mellom avdelingane der det var gjennomførd intervensjon.
– Me fekk til størst endring i praksis ved føreskriving ved lungeavdelingane og ein langt større del av pasientane fekk behandling etter retningslinjene etter intervensjonen, fortel Wathne.

Erfaringane som er gjorde i denne studien er allereie teke inn i kurs som blir gjennomført for helsepersonell i Noreg.

Vurderer dagens retningslinjer

Wathne gjennomfører no ein studie der ho ser på korleis det går med pasientane ved bruk av dagens retningslinjer. Dette vil vera viktig for å sjekka om retningslinjene medverkar til ei god pasientbehandling.
– Det er viktig at helsepersonell har tiltru til dei retningslinjene me har. Dersom ein ikkje er trygg på at dagens retningslinjer gjev den beste behandlinga, så er det òg ein fare for at dei ikkje vil bli fylgde, seier Wathne.

Artikkelen på dette arbeidet reknar Wathne med vil bli publisert nærmare jul.

Vil sjå på heile pasientforløpet

Wathne vil òg sjå på antibiotikabehandlinga i heile pasientforløpet. Kvar skjer det endringar i føreskrivinga av antibiotika i løpet av sjukehusopphaldet, kvar mange har uendra behandling og kor mange skal fortsetja med behandlinga etter utskriving?
– Me ynskjer å sjå om me kan identifisera område i pasientforløpet der det er naturleg å gå inn og gjera nye intervensjonar, seier Wathne.

Ho håper på at alle artiklane er klare på nyåret. Går alt etter planen, så skal ho forsvara forskinga si på disputas til våren neste år.

Les forskningsartikkelen

I arbeidet med doktorgrada har rettleiarane Ingrid Smith, Stig Harthug og Hege Salvesen Blix har gitt verdifull fagleg støtte og praktisk hjelp. Leger, farmasøytar og sekretærar ved studieavdelingane har vore viktige ressursar og spesielt infeksjonsmedisinar Lars Kåre Kleppe har gjort ein formidabel innsats med datainnsamling i tillegg til gjennomføring av intervensjonar i Stavanger.